User
Write something
Ein enklare veg til ei enkel bok
Heisann! I haust opna eg denne gruppa på Skool, der dei som ønska ein tettare kontakt med meg og andre som sjølve skulle gje ut bøker, kunne stilla spørsmål og få tips. Dei som har vore interesserte, har for det meste halde seg til e-post. Og sidan eg likar å halda ting enkle, trur eg at denne gruppa kan få kvila, medan vi held fram dialogen på e-post. Om ei vekes tid kjem eg til å lukka denne gruppa. Eg takkar for interessa! Om du vil gje ut ei bok i 2026 og ser etter god og rein bokdesign, høyr gjerne av deg: hallo@enkelbok.no. Du kan også sjå på nettsida enkelbok.no. Vi sjåast rundt omkring! Med vensam helsing Kristen Bokdesigner
1
0
Klar for start?
Som du har forstått for lengst, er det ikkje berre skriving, formgjeving og trykkjing som avgjer om eit bokprosjekt kan stemplast som ein suksess. Det er så mange ting som skal på plass. For å koma i gong med alt saman, kan du gjerne slå av ein prat med meg for å rydda litt i tankane. Du finn ledige tider i kalenderen her. Og er du klar for å ta fatt på boka di, send meg ei melding og fortel om kva du ser for deg, så kan eg hjelpa deg i gong. Enkel bok gjer det enkelt å produsera boka: 1. Vel ein pakke Finn den designpakken som passar prosjektet ditt best, betal og vi kjem i gong dagen etter.Unngå vekelange vurderingar om nøyaktig sidetal, korrektur-rundar, kontraktar og øvrige vilkår. Eg har faste prisar på ombrekkingsarbeidet. Bestem deg i dag og kom i gang med formgjevinga i morgon. 2. Send oss tekst og bilete Send meg ferdig korrekturlest tekst og dei bileta du vil bruka. ‍Eg formgjev klassiske og fine boksider som følgjer etablerte typografiske prinsipp. Du kan vere trygg på at boksidene blir lesbare og flyt godt. 3. Få trykkeklare filer Vegen er kort frå godkjend utkast til trykkeklar fil. Vi held løpande kontakt og du får jamnlege oppdateringar til vi er i mål. Eg kan også hjelpa deg med å ordna trykking. I tenkeboksen? Slå gjerne av ein prat for å finna ut kva du treng og kva eg kan gjera.
1
0
Den enkle vegen til ei fin bok: Oppsummering
Det er mange boksar ein skal kryssa av når ein skal gje ut ei bok. Ein er innom mange idéar, ulike platformar, måtar å skriva på, format, formgjeving, trykkedetaljar, budsjett. Eg vonar at mini-kurset Den enkle vegen til ei fin bok har vore med på å skapa gode idéar og vore til hjelp i din eigen prosess. ☞ Eg har oppsummert punkta vi har vore innom her. Kor er du i løypa?
0
0
Den enkle vegen til ei fin bok: Distribusjon og sal
Når boka kjem frå trykkeriet og folk har byrja sjå annonser og marknadsføring, då vil dei vonaleg kjøpe boka. Då må boka vere i hyllene. Korleis? Det er mange måtar å få ut bøker på, mykje kan du gjera sjølv. Eller du kan få andre til å gjera det for deg. Uansett er det bra å tenkja gjennom korleis distribusjonen skal foregå. ☞ Les meir om distribusjon og sal i denne bolken av kurset
0
0
Den enkle vegen til ei fin bok: Marknadsføring
Ein skal ikkje berre skriva, formgje og trykkja ei bok, ein skal også spreia ordet om ho. Folk må vita at boka er på gong, kor i prosessen du er, dei må få vita når ho er i sal. Dette er ein pågåande prosess som startar lenge før boka er ferdig skriven og lenge etter boka er i butikken. ☞ Les meir om marknadsføring i kurset Den enkle vegen til ei fin bok
0
0
1-12 of 12
powered by
Enkel bok
skool.com/publication-to-print-4711
Enkel og fin bokdesign til faste prisar! Vi rettleier deg gjennom designprosessen og skapar vakre publikasjonar. Kom i gang med boka di i dag! 📖
Build your own community
Bring people together around your passion and get paid.
Powered by