User
Write something
Pinned
Velkomen til Enkel bok!
Eg ynskjer at mange fleire som har noko på hjarta skal kunna gje ut bøkene sine. Difor har eg etablert Enkel bok som ein formidlar av kunnskap og leverandør av tenester som har med bokdesign å gjera. Denne gruppa skal vera ein plass å læra, tenkja, stilla spørsmål og få svar – om alle ting som dreier seg om å gje ut bok. Om du er ny her, kan du sjå gjennom «Start her», som du finn under fana «Classroom». Der finn du det du treng å vita om Skool og vegen vidare. Velkomen med på vegen til ei fin bok!
1
0
Velkomen til Enkel bok!
Pinned
Klar for start?
Som du har forstått for lengst, er det ikkje berre skriving, formgjeving og trykkjing som avgjer om eit bokprosjekt kan stemplast som ein suksess. Det er så mange ting som skal på plass. For å koma i gong med alt saman, kan du gjerne slå av ein prat med meg for å rydda litt i tankane. Du finn ledige tider i kalenderen her. Og er du klar for å ta fatt på boka di, send meg ei melding og fortel om kva du ser for deg, så kan eg hjelpa deg i gong. Enkel bok gjer det enkelt å produsera boka: 1. Vel ein pakke Finn den designpakken som passar prosjektet ditt best, betal og vi kjem i gong dagen etter.Unngå vekelange vurderingar om nøyaktig sidetal, korrektur-rundar, kontraktar og øvrige vilkår. Eg har faste prisar på ombrekkingsarbeidet. Bestem deg i dag og kom i gang med formgjevinga i morgon. 2. Send oss tekst og bilete Send meg ferdig korrekturlest tekst og dei bileta du vil bruka. ‍Eg formgjev klassiske og fine boksider som følgjer etablerte typografiske prinsipp. Du kan vere trygg på at boksidene blir lesbare og flyt godt. 3. Få trykkeklare filer Vegen er kort frå godkjend utkast til trykkeklar fil. Vi held løpande kontakt og du får jamnlege oppdateringar til vi er i mål. Eg kan også hjelpa deg med å ordna trykking. I tenkeboksen? Slå gjerne av ein prat for å finna ut kva du treng og kva eg kan gjera.
1
0
Ein enklare veg til ei enkel bok
Heisann! I haust opna eg denne gruppa på Skool, der dei som ønska ein tettare kontakt med meg og andre som sjølve skulle gje ut bøker, kunne stilla spørsmål og få tips. Dei som har vore interesserte, har for det meste halde seg til e-post. Og sidan eg likar å halda ting enkle, trur eg at denne gruppa kan få kvila, medan vi held fram dialogen på e-post. Om ei vekes tid kjem eg til å lukka denne gruppa. Eg takkar for interessa! Om du vil gje ut ei bok i 2026 og ser etter god og rein bokdesign, høyr gjerne av deg: hallo@enkelbok.no. Du kan også sjå på nettsida enkelbok.no. Vi sjåast rundt omkring! Med vensam helsing Kristen Bokdesigner
1
0
Den enkle vegen frå idé til ferdig bok
Ei fin bok mellom hendene er noko av det beste som finst. Lukta av eit godt papir og trykksverte. Ei historie som opnar seg. Folk som fortel. Bilete som vekker kjensler. Provet på lang tid med hardt arbeid. Men vegen fram til ei ferdig bok kan vere lang og kronglete. Alle dei spørsmåla ein har når ein startar er berre toppen av isfjellet som er alle dei spørsmåla ein ikkje visste ein hadde. Det er mykje å ta fatt på. Og så skal jo boka sjå bra ut også. Kva om nokon kunne forklara og rettleia i arbeidet? ​Enkelbok.no​ er ein grafisk designar som forvandlar tekstar, bilete og illustrasjonar om til lettleste og vakre bøker. I tillegg set vi opp ein plan for levering av innhald, set opp lister over ting som må ordnast, ser over språk og kan meina noko om innhald og marknadsføring. For dei som vil gje ut bok sjølv er vi er ein los som du kan lita på! Og har du kontroll på det meste, men berre treng designet klart til trykk, tek vi hand om det også. Vi er små og fleksible – og ganske kjappe. Vi skal snart sjå på nokre døme på bøker vi har laga. Med vensam helsing Kristen Hus Grafisk formgjevar
0
0
Alt eg ikkje visste om å laga ei bok
Takk for at du er interessert i gode bøker. Eg heiter Kristen og eg har jobba med lokale bøker i mindre opplag i over 17 år. No vil eg dela nokre tankar om bokproduksjon med deg. Eg veit det er mykje å halda styr på når du skal gje ut ei bok eller andre trykte publikasjonar. Eg hugsar då eg sjølv skulle gje ut ei bok første gongen. Vi hadde byrja på nokre tekstar, fått inn nokre foto, sjekka prisar på grafisk produksjon og trykking. Mange spørsmål meldte seg. - Er det aktuelt å finna eit forlag? - Kan vi gje ut boka sjølv? - Kven skal lesa korrektur og meina noko om tekstane? - Kven skal formgje boksidene? - Korleis organisere kapittel og innhaldsliste? - Korleis få gamle papirbilete til å bli bra på trykk? - Kva er eit godt omslag? - Kven ordnar med ISBN og strekkode? - Kor stort skal opplaget vere? - Kva med marknadsføring? … og mange, mange fleire ting dukka opp som vi ikkje visste noko om. Vi brukte månadsvis på å finna ut av alt. For vår del var det best å gje ut boka sjølv. Men vi skulle brukt tida på dei tinga vi kunne, då hadde prosessen vore mykje smidigare. Etter mange slike prosjekt veit eg no korleis ein forvandlar tekstar og bilete om til fine og lesbare bøker, og korleis ein får dei frå idé-stadiet og ut til bokhandelen. Eg har skapt ein tydeleg prosess som er lett å følgja, sjølv for den som ikkje har erfaring med bokproduksjon frå før. Snart skal eg fortelja meir om denne løysinga. Med vensam helsing Kristen Hus Grafisk formgjevar
0
0
1-16 of 16
powered by
Enkel bok
skool.com/publication-to-print-4711
Enkel og fin bokdesign til faste prisar! Vi rettleier deg gjennom designprosessen og skapar vakre publikasjonar. Kom i gang med boka di i dag! 📖
Build your own community
Bring people together around your passion and get paid.
Powered by